Olav Mosdøl |
hovudside omtale bøker lyd/CD manus dikttavler aktuelt |
![]() |
English page |
![]()
RØTER
Ro treng eit bån for å feste tægan til livet. Røter treng ein ungdom for å opne blomen mot ljoset. Rotfeste treng eit menneske for å bere bører i motvind. (frå "I Lydeskar")
|
Intro Olav Mosdøl (fødd 1937) er forfattar, lyrikar og tidlegare lærar. Han er oppvaksen i Bykle og bur i Telemark. Mange av tekstene hans er det sett musikk til av ei rekkje tonekunstnarar. No er han forfattar på heiltid. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Kvite symrer. Gjennombrotet som forfattar kom i 1979 med samlinga I Lydeskar. Mange merka seg Mosdøls originale og uttrykksfulle form. Nils Hellesnes skreiv slik i Stavanger Aftenblad: "Han forstår å spenne diktet mellom ein merkeleg sikker opptakt og ein like så sikker slutt. Og så står diktet der og dirrar." Mosdøls forfattarskap er knytt til røter, til natur og landskap som han kjenner frå Setesdal og Telemark. Olav Egil Aune (Vårt Land) seier: "… han har en merkverdig personlig skjelven i forhold til det. Det gjør ham til en poet for mange. Om jeg skal si noe, er det at det er djup tid i disse diktene. Tid som har vart en stund, og som vi kjenner vil vare vare. Av og til tenker jeg på dem som en sval nattlig vind over modne åkrer." |
Olav Mosdøl, forfattar
|
![]() |
|
![]() |
Denne heimesida vart utvikla av Øyvind Berg og Tarjei Myklebust i 2006. Justert i april 2008. |