Olav Mosdøl
hovudside         omtale         bøker         lyd/CD         manus         dikttavler         aktuelt    
---
English page

Mitt møte med Olavs tekster

av Sondre Bratland

Olav ved skrivebordet. Eg sit med ein bukett diktbøker på skrivebordet mitt. Dei er slitne i kantane, og ber merke etter aktiv bruk. Det er mange eseløyro og brettar på sidene, og somme av tekstene har fått besifringsbokstavar mellom linjene. Kvite symrer heiter den fyrste boka.
    Frå fyrste stund opplevde eg at dikta til Olav tala så direkte til meg, som om eg skulle ha sagt det sjølv, om eg hadde kunna. Som ivrig diktlesar, er eg alltid på leiting etter ord til erkjenning og djupare innsikt i det eksistensielle i livet.
    Det må vera noko av det viktigaste for ein diktar at han kan gje ord til tankar, lengsler og draumar for lesaren. Dette, saman med idealet i stevdiktinga i Setesdal; "å seia a go maining me få or" er Olav Mosdøls sterkaste side etter min forstand.
    Det er mykje musikk i Olavs dikt, ikkje minst når han les dei sjølv. Ja, musikken, tonane, rytmen er i mange av Olavs dikt så tydeleg, at for meg er det vanskeleg å la vera å syngje dei. Då blir dei liksom litt meir mine, tykkjer eg. Eg prøvar å finne diktarens tone, og ikkje minst diktarens rytme. Det er nok ikkje til å sjå bort frå at, ein del av våre felles formødrer har gjeve oss litt av dette som vekkjer slik atterklang hjå meg. A.O. Vinje har bl.a. sagt det slik: "Og gamle du, du gav til meg mi mjuke hjarterot."
    Ja, dette med det feminine i tilværet har Olav halde fram på ein sterk måte i mange av sine dikt. Han syner oss kvinna som livgjevaren, den som ber slekta og vernar om det sårbare livet. I Dikt i tre, stiller han oss framfor dette at, det stort sett er karar som har krota namn og årsens tal på "kvinnhusveggjir/badstogor og lopt".
Slik endar diktet:

(dekor)
Stakkejenton
ha kje tid
til å dikte i tre
for nyskapte ord
draup bort i sveitten
når dei gav dagan
til alt levande.

Men dei dikta ordi
inn i stevtonon
og blå røyk
som steig frå gruva
i morgontiman.

    Fyrste tonen eg syns eg fekk så nokolunde til, laga eg då dotter vår, Linn Sigrid, kom til verda i 1978. Tonen til Fortel meg barn vart til i ein fars takksemd og undring over møtet med den nyfødde.
    Etter denne kom lysta til å prøve om eg kunne tolke fleire av Olavs tekster. Så kom Regnsong, Turke mi tåre, alle frå diktsamlinga Kvite symrer, som kom i 1977.
    I 1979 kom I Lydeskar. Nok ei bruksbok ligg framfor meg. Her kjem idealet frå stevdiktinga enda tydelegare fram. Eit dikt som Røter brukar eg av og til berre å lesa, men eg har laga ein tone òg. Det er eit dikt som ein gjerne vil kvea, det vil seie å bruke denne uttrykksforma som ligg i grenseland mellom å seia fram eit dikt og å syngje det.
    Til Elise har for meg blitt til ein song om sanseleg kjærleik. Kveldsete veit eg Olav har skrive som ei takk til dei gode diktarvenene og inspiratorane Ingebjørg og Halvor J. Sandsdalen utpå Seljordstrondi. Med løyve frå diktaren, har eg endra litt på tredje linja i siste verset, slik at det vart ei vise om det gode møtet, den gode meiningsrike samtalen. Halvor J. Sandsdalen sa ein gong til meg - "det beste ynskje eg kunne ha for ein god ven, er at han måtte få kjenne den gode kjensla av å ha skrive eit godt dikt." Eg har hug til å omskrive denne utsegna til - "det beste ynskje eg kunne ha for ein god ven, er at han måtte få kjenna kor godt det er å ha laga ein god melodi til ei tekst som seier noko viktig."
    Trygve Bjerkreim snakka om dikta som fuglane sine, og sa at når dikta fekk tonar så fekk fuglane hans vengjer. Eg vonar det er slik at dei då fær kraft til å flyga høgt og langt.
    Frå Menneskelandskap har eg sett tone til Kva gjer du ven, og På bygdeheimen. Atter ein gong gjev Olav meg ord som eg gjerne vil lyfte fram ved å framføre dei med tone til. Dette er det eg likar å kalle brukskunst. Men å snakke om kunst i vår tid er vanskeleg. Det har visst noko med fagleg utdanning å gjera, eit fag du utdannar deg i. Tek du utdanning i eit kunstfag, så blir du kunstnar, og kan på bakgrunn av det ha rett til å seia kva som er, eller ikkje er kunst. Når eg set tonar til dikt, så vil eg at drivkrafta mi er å gjeva kjensler til tekstene gjennom dette merkelege språket me har i røysta vår. Dette med valør, dåm eller stemning, som kjem i tillegg til sjølve det lesbare ordet. Eg vil gjerne vera brukskunstnar, eller historieforteljar, når eg grip tak i ord som har gripe meg, og prøver på min måte å lyfte fram for dei som vil lye på.
    Det er godt å ha ein som syner vegen til Lydeskar, der eg kan sitje med Kvite symrer og sjå utover Menneskelandskap.
(frå boka "Landskapet opnar seg", 2002)

---
Til toppen av sida
Denne heimesida vart utvikla av Øyvind Berg og Tarjei Myklebust i 2006.
Justert i april 2008.