Olav Mosdøl |
hovudside omtale bøker lyd/CD manus dikttavler aktuelt |
![]() |
English page |
1977 1979 1980 1987 1988 1992 1993 1995 |
Kvite symrer, dikt I Lydeskar, dikt Kvitsund, monografi Menneskelandskap, dikt Eit anna land, barnebok Sylvdropan, suite Barn av sommaren, dikt/folkeviser Songen frå Sion, kantate |
1997 1999 2000 2000 2001 2002 2006 2006 |
Berget det blå, musikkspel Kjempa for Norge, historisk spel Løyndomsfulle Setesdal, tekster/dikt Missa Millennium, dikt spor.sørland, prosa/poesi Landskapet opnar seg, helsingsskrift Røter, dikt i utval Songen frå Sion, partitur/kantate |
![]() |
Kvite symrer (dikt)Utgjeven: 1977 Lunde forlagSamlinga inneheld 28 dikt, som er skrivne over ein lengre periode. Opninga innheld ei programerklæring: "I stille stunder/gjeng eg inn/i ukjende salar og rømder./ Søkjer mot/dei skapande kjensler/og krefter". Dikta uttrykkjer oppleving av sterke naturimpulsar og nærkontakt med medmenneske. Frå bokmelding: Sjeldan her eg hatt ei bok mellom hendene som eg sterkare av hjarta ynskjer at mange ville lese. (Bjarne Tveiten i Fædrelandsvennen) |
![]() |
I Lydeskar (dikt)Utgjeven: 1979 CappelenSamlinga inneheld 35 dikt. Hovudbudskapen er: Å høyre til ein stad. Kulturarven må feste røtene i ei ny tid. Her står det kjende diktet "Røter", som begynner slik: "Ro/treng/eit bån/for å feste/tægan til livet". Frå bokmelding: Boka er Mosdøls gjennombrot som forfattar. Han er original og uttrykksfull, "forstår å spenne diktet mellom ein merkeleg sikker opptakt og ein likeså sikker slutt." (Nils Hellesnes i Stavanger Aftenblad) |
![]() |
Kvitsund (monografi)Utgjeven: 1980 Kvitsund GymnasDette er eit jubileumsskrift på 72 sider, som Olav Mosdøl har vore hovudredaktør for. Det har undertittelen 25 år i kamp og vekst. Skriftet gjev raske glimt av eit interessant forsøk med 9-årig linjedelt ungdomsskule i Vest-Telemark. Frå og med året 1974/75 går skulen over til å vere privat gymnas med elevar frå heile landet. |
![]() |
Menneskelandskap (dikt)Utgjeven: 1987 Luther forlagSamlinga inneheld 42 dikt. Frå dalen og bygda stig forfattaren mot viddene og det frie utsynet. Vindauga vert opna mot den store verda. Med diktet "Lys pastell" vann han NRK Telemark sin store lyrikkonkurranse i 1984. Frå bokmelding: Forfattaren sender ut ein "sterk og mogen sentrallyrikk. Her finst ikkje famling, han veit kor han står." (Knut Hauge i Valdres) Kjøpe: · Forfattaren, olav@mosdol.no |
![]() |
Eit anna land (barnebok)Utgjeven: 1988 Lindorm forlagBoka har 28 sider. Ei annleis barnebok med tradisjonsstoff, som er knytta til Primstaven med opplegg for kvar månad. Liv Andrea Mosdøl har illustrert boka. Frå bokmelding: "Eit anna land" er blitt ei koselig, lita bok, som presenterer livet i gamle dagar for born og vaksne. (Bjarne Tveiten i Fædrelandsvennen) Kjøpe: · Forfattaren, olav@mosdol.no |
![]() |
Sylvdropan (suite)Utgjeven: 1992 Buen kulturverkstadDikt- og musikksuiten inneheld 15 tekstar: 7 songar og 8 resitasjonar. Den er gjeven ut som teksthefte med noter og musikkassett. Komponist Jon Hinna står for musikken. Anne Karin Kaasa syng og Olav Mosdøl resiterer. Delar av verket vart urframført ved opninga av Hovden Badeland, i 1990. Frå melding: "Sylvdropan" er ei vakker samansmelting av tekstar og tonar, "ei oppmoding om å våge å vere til, om å fange dagen, minutt og sekund, om å vere villreinen i spranget." (Kjell Åsen i Telemark Tidend) Kjøpe: · Forfattaren, olav@mosdol.no · Buen kulturverkstad, Tuddal |
![]() |
Barn av sommaren (dikt/folkeviser)Utgjeven: 1993 Kilden forlagBoka inneheld 45 tekstar. Her er tidlegare dikt og mange nye tekstar sette saman på ein ny måte. Livssyklusen dannar strukturen i tekstsamlinga: frå vogge til grav. Dikta har fått melodiar av komponistane Sverre Eftestøl og Geir Knutson, saman med innbydande illustrasjonar av Olav Bjørgum. Frå melding: Boka er "intet mindre enn en kulturell perle og burde være selvskreven i bokhyllene til alle som vet å finne hvile i vakre, kunstneriske uttrykk." (Åge Myksvoll i Vårt Land) Kjøpe: · Forfattaren, olav@mosdol.no · Kilden forlag, Arendal |
![]() |
Songen frå Sion (kantate)Utgjeven: 1995 Lunde forlagVerket har 22 tekstar, og det er skrive til 1000-årsjubileet for Kyrkja i Noreg. Temaet viser den bibelske tradisjonen med evangeliets gang frå Jerusalem til Europa og andre kontinent. Det byggjer på ein idé med fleirkulturelt innhald. Sigvald Tveit har komponert musikken til verket. Frå melding: "Det har vært spennende å følge utviklingen i Mosdøls lyriske språk. Musikaliteten og rytmen i språket er blitt stadig mer rendyrket. Ordene er også blitt toner." (Tore Tveit i Varden) |
![]() |
Berget det blå (musikkspel)Utgjeven: 1997 Cantando musikkforlagMusikkspelet kan setjast opp som dramastykke med "kveldseta"/skumringstimen som arena. Eller framførast som korprogram (15 tekstar), til Sigvald Tveits musikk. Tekstene gjev oss eit møte med lokalsamfunn i stor forandring. Kva verdiar vil me ta med oss? Frå melding: "Det er ei vakker og gripande framsyning, der det også er plass til humor. Olav Mosdøl set kontrastar opp mot kvarandre: fortid mot notid og framtid, harde realitetar mot draumar, tradisjon og verdiar mot kapitalisme og øydelegging". (Bjarne Tveiten i Setesdølen) Kjøpe: · Cantando musikkforlag, Stavanger |
![]() |
Kjempa for Norge (historisk spel)Utgjeven: 1999 GenesisStykket handlar om kjempa Bjørguv Eivindsson Uppstad (1789-1866). Gjennom stev, songar og tale blir vi kjende med den særmerkte mannen og miljøet han levde i. Frå melding: "Det finst soger om kjempekarar i alle dalføre. I Telemark har me soga om Storegut. Setesdal har Kjempa for Noreg." (Hans E. Øygarden i Vest-Telemark Blad) Kjøpe: · Genesis |
![]() |
Løyndomsfulle Setesdal (tekster og dikt til fotobok)Utgjeven: 2000 Lunde forlagEi stor, flott fotobok der Arne Aas har tatt bileta og Olav Mosdøl har skrive alle tekstane. Dei viser natur, kultur og folkeliv i Setesdal ved tusenårsskiftet (225 s). Frå melding: "Olav Mosdøl sine tekster (prosa, lyrikk) byggjer på stor kunnskap om hans barndoms dal, kombinert med at mannen har fylgt godt med etterkvart som dalen han flytta frå, har utvikla seg." (John Straume i Varden) Kjøpe: · Lunde forlag |
![]() |
Missa Millennium (dikt)Utgjeven: 2000 Luther forlagEin religiøs diktsyklus på 22 tekstar. Dei fire gamle messeledda: Kyrie, Gloria, Credo og Sanctus dannar strukturen i "messa". Frå melding: Mosdøls dikt/salmesamling gjør noe med deg "fordi jeg aner en varme og en sjelden hengivenhet bak de rake tekstene. Stein og himmel på samme tid." (Olav Egil Aune i Vårt Land) Kjøpe: · Luther forlag · gnist.no · Haugenbok.no |
![]() |
spor.sørland (prosa/dikt)Utgjeven: 2001 Lunde forlagEi reise frå hei til hav. Den vakre boka er skriven saman med Johan-Chr. Sandvand og inneheld 40 tekster, både prosa og lyrikk. Bileta er ved fotograf Sidsel Jørgensen. Frå melding: "Felles for Mosdøl og Sandvand er at dei er vandrarar. Godt vaksne karar som vedgår at livet flyt som ei elv - ustanseleg. Men nett difor vert dagane verdfulle." (Eigil Steinfjord i Vårt Land) Kjøpe: · Forfattaren, olav@mosdol.no · Bokkilden.no · gnist.no · Haugenbok.no |
![]() |
Landskapet opnar seg (helsingsskrift)Utgjeven: 2002 Kviteseid kunstforeningInteressant skrift på 60 sider. Det er gjeve ut til Olav Mosdøls 25-årsjubileum som forfattar og illustrert av biletkunstnarane Olav Bjørgum og Liv Andrea Mosdøl. Bidragsytarane er: Jorunn Aasland, Jon Bjones, Sondre Bratland, Liv Holtskog, Einar Midtbøen, Sigvald Tveit, Tore Tveit, Bjarne Tveiten, Kjell Åsen. Kjøpe: · Forfattaren, olav@mosdol.no |
![]() |
Røter (dikt i utval)Utgjeven: 2006 Verbum forlagSamlinga inneheld 77 dikt. Utvalet er gjort av kulturredaktør Olav Egil Aune frå ti av bøkene til Olav Mosdøl. Siste bolken er nye dikt som ikkje har stått i tidlegare samlingar. "Røter" fører oss på ei litterær vandring frå heimlege stigar til opne landskap og nye kontinent. Olav Mosdøl fekk Emmausprisen for boka i 2006. Frå omtale: Alle kulturar har sine historieforteljarar, storytellers. Desse er viktige for å vidareføre og halde oppe visdom og kunnskap som er nedarva gjennom levd liv. (...) Spennande er det at Olav Mosdøl - særleg i dei nyare dikta meistrar den meir frie prosadiktinga, som også gjer han til ein moderne lyrikar. (Sondre Bratland) Kjøpe: · Forfattaren, olav@mosdol.no · Verbum forlag · Bokkilden.no · gnist.no · Haugenbok.no |
![]() |
Songen frå Sion (partitur, kantate)Utgjeven: 2006 Cantando musikkforlagInnspela på CD: 2006 Lynor Verket har 14 nummer i denne utgåva og er lagt opp for kor, solistar og instrumentalistar. Fire innslag med resitatør. Framføringa vekslar mellom vokalinnslag (solo/kor) og resitasjon. Kantaten kan òg framførast med enkel instrumental besetning, t.d. berre piano. Tekst og musikk: Olav Mosdøl og Sigvald Tveit. Kjøpe: · Cantando musikkforlag, Stavanger |
AntologiarRepresentert i antologiar/bøker: Sørland, samtid (Cappelen), Sønnavær (Fabritius), Setesdal (Grøndahl), Morild I og II (Fabritius), Tornebuskar (Luther Forlag), Sæbyggjen (Valle), Liv og Lagnad (Lunde Forlag), Ekteskap - en gave (Lunde Forlag), Barn - en gave (Lunde Forlag), Veien Videre (IKO), Gullbostebarn (Istar Forlag), Populære sanger og viser nr. 3 og 4 (Norsk Musikforlag), Setesdal og setesdølar - poesi og prosa gjennom tusen år (Kilden Forlag), Ved Flåvann danser alvene (Telemark Forfatterlag), Fakkelstafetten - en olympisk overture (Gyldendal), Fagre Telemark (Lunde Forlag), Eros i sør (Agder Litteraturlag).Blad & årbøkerHar publisert essay, epistlar, noveller i: Sørlandsk Magasin (Agder Litt.lag), Årbok for Telemark, Jol i Telemark, Jol i Setesdal, Varden, Telemark Tidend, Fædrelandsvennen, Gamalt frå Kviteseid 2006.Stipend/prisar
|
![]() |
|
![]() |
Denne heimesida vart utvikla av Øyvind Berg og Tarjei Myklebust i 2006. Justert i april 2008. |